Om

Tvekamp er eit prosjekt som tek sikte på å finna ut kva som er bra og kva som er dårleg, ein gong for alle. Dette skjer etter eit liga-system, der fenomen, personar og konsept vert sett opp mot kvarandre parvis og vurdert ut frå meir eller mindre objektive kriterium. Slik vil unge kunne orientera seg i verda og på enkelt vis finna ut kva ein bør oppsøka og kva ein bør unngå. Prosjektet er skrive både på nynorsk, engelsk og ein sjeldan gong tysk. Eldre innlegg finnest for tida berre på Facebooken min, men eg jobbar for tida med å finna ein måte å importera dei hit på.

Forslag til kva ein kan setja opp mot kvarandre neste gong vert tekne i mot med takk, men blir nok ofte ignorert.

Advertisements