Jenter i Europa vs jenter i Amerika

Datingverktøyet Tinder er ei interessant oppfinning. Med enkle grep kan ein utforska særskilte element av den lokale floraen av single eller opensinna kvinner og/eller menn utan at det kostar noko vidare innsats – om eg skulle skriva doktorgrad om seksualsosiologi hadde datagrunnlaget mitt kome frå reiser verda rundt med 5-10 Tinder-profilar.

Eg samlar diverre ikkje Tinderdata så systematisk som eg burde, men eg har likevel sett nok til å uttala meg om populasjonsskilnadar mellom t.d. Noreg (kor eg har vore mykje siste par vekene) og USA. Begge stadane er eg ivrig på å observera Tinderkultur.

Mine vurderingar:

Amerikanske kvinner har meir kroppspositivisme og skriv meir informative biografier enn europeiske. 0-2

Det som kjem fram av personlegheitstrekk i biografiane er derimot vesentleg betre i Europa. 1-2

Europearar formeirar seg i mindre grad i ung alder. 2-2

Amerikanske Tinder-profilar kjem i fleire fargar og storleikar enn europeiske. 2-3.

Europeiske kvinner har lægre terskel for å skriva mannen først. 3-3.

Norske Tinder-profilar vert meir pinlege all den tid eg framleis kjenner fleire norske kvinner enn amerikanske. Kva gjer eg for eksempel når eg må ta stilling til pene kvinner eg gjekk på vidaregåande med, eller som eg sogar har undervist pa universitetet??? 3-4.

Knepen siger til amerikanske jenter, som strir med alle instinkta mine. Kanhende burde eg vekta kriteria eg dømmer etter, men det kjennest ikkje ut som god statistisk skikk.

Advertisements


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s